☰

Velkomen til Screenloop

Digital skilting som er enkel å bruke — men kraftig nok for dei som treng det.

🎨
Canvas Editor
Drag & drop slide-editor med tekst, bilete, former og widgets.
🎬
Stage Tidslinje
NLE-tidslinje for å sette saman slides, video og widgets til loops.
🖥
Skjermstyring
Tildel loops til skjermar, overvak status, send kommandoar.
📱
Mobil Remote
Styr alt frå telefonen — sjå live preview, send tekst, byte loop.
📐
Malar
Gjenbruk layout og widget-oppsett. Felles og eigne malar.
📻
Radio & Audio
Bakgrunnsmusikk frå radiostraumar, automatisk demping under video.

Slik heng det saman

Du lagar Slides i Canvas-editoren. Slides vert organiserte i Loops via Stage-tidslinjen. Loops vert tildelt Skjermar. Skjermar køyrer Player som viser innhaldet.

Alt kan styrast frå CMS-en på nett, eller via Remote-appen på mobilen.

🚀 Fyrste steg

Kom i gang på 5 minutt — frå tom skjerm til live innhald.

1. Lag din fyrste slide

Gå til Slides i sidemenyen og klikk + Ny slide.
Canvas-editoren opnar seg. Vel bakgrunnsfarge eller legg til eit bilete frå verktøylinja.
Legg til tekst med T-verktøyet. Dra og endre storleik etter behov.
Klikk 💾 Lagre og gje sliden eit namn.

2. Sett opp ein loop

Gå til Loops og klikk + Ny loop. Vel namn og format (16:9, 9:16 etc.).
Stage-editoren opnar seg. Dra slides frå biblioteket (venstre) til V1-tidslinja.
Legg til widgets (klokke, vêr, nyhende) på V2-V4 spora.
Set varighet per slide og vel overgangar (fade, slide, zoom).
Klikk 💾 Lagre og endre status til Publisert.

3. Tildel loop til skjerm

Gå til Skjermar. Kvar skjerm har ein dropdown der du vel kva loop som skal spelast.
Loopen startar umiddelbart på skjermen.
Du kan endre loop når som helst — skjermen oppdaterer seg automatisk.

🎨 Canvas — Slide-editoren

Lag visuelt innhald med drag & drop.

Verktøy

Verktøylinja til venstre har alt du treng:

🔤
Tekst
Klikk T-knappen, klikk på canvas. Endre font, farge, storleik i panelet til høgre.
🟦
Former
Rektangel, sirkel, linje. Set farge, border-radius, opacity.
🖼
Bilete
Last opp eller vel frå mediebiblioteket. Støttar JPG, PNG, WebP.
🧩
Widgets
Klokke, Vêr, RSS, Ticker, Radio, Videostraum — live oppdatering direkte i sliden.
🎙
Lydopptak
Ta opp lyd frå mikrofon eller last opp mp3/wav. Lyden spelar automatisk når sliden visast.

Lydopptak

Klikk 🎙 i verktøylinja under Widgets, og klikk på canvas for å plassere lydwidgeten.

Ta opp lyd

I eigenskapspanelet (høgre side) ser du ein profesjonell opptakar:

Klikk 🔴 REC — mikrofon-tilgang vert spurd. Spektrum viser lydnivå i sanntid.
Klikk STOPP når du er ferdig. Du kan lytte gjennom opptaket med ▶-knappen.
Skriv inn namn og stemme/person for opptaket, og klikk ✓ Lagre opptak.
Du kan ta opp fleire opptak per widget og velje kva opptak som skal brukast. Opptaket vert lagra i 128kbps Opus-format med støydemping.

Laste opp lydfil

Klikk 📁 Last opp i opptakspanelet for å laste opp ein eksisterande fil. Støtta format: MP3, WAV, OGG, M4A, AAC, WebM.

Innstillingar

Autoplay — lyden startar automatisk når sliden visast (standard: på).

Loop — lyden spelar om igjen (standard: av).

Tekst — tekst som kan visast på skjermen saman med lyden.

Vis på skjerm — vis tekstkortet synleg i playeren (standard: av).

Slide-varigheita vert automatisk sett lik lydopptaket si lengd. Når lyden spelar, vert radio og bakgrunnsmusikk automatisk senka til 15%.

Import

Under IMPORT i verktøylinja:

📐 Malar — Opne malbiblioteket og start med eit ferdig oppsett.

📄 PDF — Importer PDF-sider som bilete. Kvar side vert ein eigen slide med full oppløysing.

📁 Media — Vel frå bildearkivet ditt.

Lagre som mal

Har du laga eit fint oppsett? Klikk 📐 Mal i topbaren for å lagre det som gjenbrukbar mal. Gje den eit namn og kategori.

Malar du lagar er tilgjengelege for heile organisasjonen din. Du kan òg dele dei med alle kundar via Bibliotek-sida.

Slide-mapper

Organiser slides i mapper for betre oversikt. Mapper vises som filtreringsbar øvst på Slides-sida og i Stage slide-panelet.

📁 Ny mappe — opprett mappe med namn og farge. Vel blant 8 forhåndsdefinerte fargar.

✎ Rediger — endre namn, farge, eller slett mappe (slides vert flytta til rot).

📁 Flytt slide — høgreklikk-meny på kvar slide for å flytte den til ei mappe.

Mapper filtrerast med knappar: "Alle", "Utan mappe", og kvar mappe med fargemarkering og antal slides.

🎬 Stage — Loop-editoren

NLE-tidslinje for å sette saman innhald til ein loop.

Tidslinjespora

V1 — Hovudsporet. Her legg du slides og video i rekkefølgje.

V2, V3, V4 — Widget-spor. Klokke, vêr, RSS-nyhende og andre overlays som visast oppå alle slides.

A1 — Audio-spor. Radio-straumar, slide-lydopptak (🎙) og bakgrunnsmusikk (🎵). Klikk + 🎵 Lyd for å laste opp bakgrunnsmusikk.

Legge til innhald

Dra slides frå biblioteket (venstre panel) til V1. Du kan òg bruke + Tillegg i topbaren for:

🎬 Video — Lim inn ein YouTube- eller Vimeo-URL. Tittel og lengde vert automatisk henta.

📊 Presentasjon — Last opp ein PDF (eksporter frå PowerPoint/Keynote først). Kvar side vert ein slide. Vel varighet per slide og om dei skal leggjast rett i loopen.

Omorganisering

Dra slides i V1 for å endre rekkefølgje. Dra ein slide ut av tidslinja for å fjerne den.

Eigenskapar (høgrepanel)

Klikk ein slide i tidslinja for å sjå eigenskapar:

Varighet — Kor lenge sliden visast (i sekund).

Overgang — Korleis neste slide kjem inn: Fade, Slide venstre/høgre/opp, Zoom inn, Dissolve, eller Fade via svart (fader ut til svart, deretter fader inn neste slide).

For video-slides ser du URL, provider og lengde — du kan byte video herifrå.

Widget-malar

Bruk 💾 ved Overlays for å lagre widget-oppsettet som mal. 📐 lastar eit ferdig oppsett.

Radio/Audio

Legg til radio via widget-picker på A1-sporet. Du kan byte kjelde i dropdown-menyen under radio-widgeten i overlay-lista.

Når ein video-slide spelar, vert radio automatisk dempa til 25% og fada opp igjen etterpå.

📹 Video & Media

Legg til video frå YouTube, Vimeo eller eigne filer.

YouTube / Vimeo

I Stage, klikk + Tillegg → 🎬 Video.
Lim inn video-URL. Tittel og lengde vert henta automatisk.
Klikk 🎬 Legg til i tidslinja.

Videoen vert vist som ein raud blokk i tidslinja med 🎬-ikon.

Korleis video spelar

Når playeren kjem til ein video-slide, vert videoen starta automatisk. Neste slide startar fyrst når videoen er ferdig (eller etter maks-tid + 3 sekund buffer).

Om videoen ikkje klarar å laste (nettverksfeil, fjerna video), hoppar playeren automatisk til neste slide etter 15 sekund.

Presentasjonar (PDF)

Eksporter frå PowerPoint/Keynote til PDF. I Stage → + Tillegg → 📊 Presentasjon. Vel varighet per slide og om dei skal rett inn i loopen.

📐 Malar

Gjenbruk slide-oppsett og widget-konfigurasjonar.

Tre nivå

🌍 Felles — Systemmalar tilgjengelege for alle kundar.

👤 Eigen — Dine eigne malar, berre for din organisasjon.

🤝 Delt — Malar du har delt med alle via «Del»-knappen.

Canvas-malar

Lagre ein slide som mal: 📐 Mal i Canvas topbar. Bruk malar frå Bibliotek-sida (📚) eller via 📐-knappen i Canvas import-seksjon.

Widget-malar (Stage)

Lagre widget-oppsett med 💾 ved Overlays-seksjonen. Last med 📐.

Når du brukar ein mal, aukar bruksteljaren — populære malar kjem øvst i lista.

🖥 Skjermar

Administrer tilknytta einheiter.

Skjermkortet

Kvar skjerm viser: Namn, online/offline-status, gjeldande loop, plassering, aspect-ratio og thumbnail-preview.

Byte loop

Bruk loop-dropdown direkte på skjermkortet for å byte loop. Endringa skjer umiddelbart.

Tildele plan

Under loop-dropdown finn du ein 📅 plan-dropdown. Her vel du kva plan som styrer skjermen. Planen overstyrer standard-loopen i det angitte tidsrommet (t.d. 08:00–17:00).

Handlingar

✏️ Rediger — Endre namn, plassering og format.

🔄 Oppdater — Send reload-kommando til skjermen.

📡 Identifiser — Skjermen blinkar for enkel identifisering.

📅 Planleggar

Styr kva loop som spelar når — basert på tid, rotasjonar eller ein serie.

Tre planmodus

🕐
Tidsplan
Vel start- og sluttid, dagar i veka, og valfritt dato-intervall. Loopen spelar berre i det valde tidsrommet.
🔄
Rotasjonar
Loopen spelar eit bestemt antal gonger (rotasjonar), deretter tar neste plan over.
📋
Superloop
Bygg ein serie av looper som spelar i rekkefølgje — perfekt for dagsplanar med variert innhald.

Opprette ein plan

Klikk + Ny plan i Planleggar-sida.
Vel modus (Tidsplan, Rotasjonar eller Superloop).
Vel loop og valfritt skjerm (eller alle skjermar).
Set prioritet — høgare tal overstyrer lågare.

Superloops

Ein Superloop er ei samling av looper som spelar etter kvarandre. Kvar entry kan ha ulik avspelingsmodus:

Full — spel alle slides i loopen éin gong.

Tid — spel loopen i eit bestemt antal sekund.

Rotasjonar — spel loopen N gonger.

Superloops er ideelle for dagsplanar: morgon-loop → lunsj-loop → ettermiddag-loop → kveld-loop.

Opprette ein Superloop

Klikk + Superloop i Planleggar-sida.
Gje den eit namn (t.d. «Hovudrotasjon») og vel modus (sekvensiell/tilfeldig).
Klikk på superloopen → vel looper frå dropdown og klikk + Legg til.
Kvar loop kan ha avspelingsmodus: Heil loop, Tid (sekund) eller Rotasjonar (N×).

Koble Superloop til skjerm

Ein superloop spelar ikkje åleine — den må koplast via ein Plan:

Opprett ein ny plan med modus 📋 Superloop.
Vel superloopen du vil bruke.
Tildel planen til ein skjerm — anten frå Planleggar-editoren eller 📅-dropdown på Skjermar-sida.
Superloopen aktiv‌erast berre i tidsrommet du set på planen. T.d. 08:00–17:00 kvardagar.

Korleis Superloop spelar i Player

Når ein plan med superloop er aktiv, gjer playeren dette:

Startar med fyrste loop i serien og spelar alle slides med overgangar.
Når siste slide i ein loop er ferdig, lastar playeren automatisk neste loop i serien.
Overlays (klokke, vêr, nyhende) vert oppdatert ved kvart loop-byte.
Etter siste loop — startar frå fyrste igjen. Styr antal rotasjonar (0 = uendeleg).
Når planen utløper (t.d. kl. 17:00), byttar playeren automatisk tilbake til standard-loopen.

Eksempel: Superloop «Hovudrotasjon» med 4 looper: Meny → Nordlyset → Lavine DS → Velkommen. Playeren spelar alle slides i Meny, deretter alle i Nordlyset, osv. — og startar på nytt.

▶️ Player

Avspelaren som køyrer på kvar skjerm.

Slik fungerer det

Player hentar loop-data frå API og spelar av slides i sekvens med overgangar. Widgets (klokke, vêr, RSS, radio) vert vist over alle slides.

Fullskjerm

Klikk ▶ Start fullskjerm ved fyrste lasting. Trykk Esc for å gå ut.

Developer-panel

Trykk K (eller triple-tap på touch) for å vise teknisk info:

Slide-nummer, nedtelling, loop-tal, oppetid, widget-liste med volume, video-info og radio ducking-status.

Auto-polling

Player sjekkar for endringar kvart 10. sekund. Om du endrar ein loop i CMS, oppdaterer skjermen seg sjølv.

Planar og Superloops i Player

Playeren forstår planlegging automatisk:

Standard-loop: Spelast når ingen plan er aktiv. Sett i Skjermar-sida.
Tidsplan: Overstyrer standard-loopen i det angitte tidsrommet. T.d. kl. 08-17 kvardagar.
Superloop: Spelast som ein serie av looper — loop A → loop B → loop C → start på nytt.

Når ein plan utløper (t.d. kl. 17:00), byttar playeren automatisk tilbake til standard-loopen — utan manuell handling.

Loop-byte frå CMS

Når du endrar loop på ein skjerm i Skjermar-sida, oppdaterer playeren seg automatisk ved neste poll (kvart 10. sekund). Playeren samanliknar loop-ID frå serveren med sin eigen — ved skilnad lastar den nytt innhald umiddelbart.

Plan overstyrer alltid standard-loop. Viss ein plan er aktiv på skjermen, vil loop-byte i CMS ikkje ha effekt før planen utløper eller fjernast.

Støtta plattformar

🍎
Apple TV
Dedikert tvOS-app via TestFlight/App Store. Siri Remote-støtte.
🌐
Web (nettlesar)
Opne player.html i Chrome/Safari/Firefox. Fungerer på alle einingar.
📺
Samsung TV
Opne player-URL i TV-nettlesaren eller bruk URL Launcher (SSSP).
🤖
Android
Android TV og nettbrett med Chrome i fullskjerm.

Samsung TV-oppsett

Metode 1: TV-nettlesar — Opne Samsung Internet, naviger til player-URL. Legg til som bokmerke.

Metode 2: URL Launcher (kommersielle skjermar) — I Samsung Signage-menyen, sett "URL Launcher App" til player-URL. Skjermen startar automatisk ved oppstart i kiosk-modus.

Player detekterer Samsung/Tizen automatisk og tilpassar CSS-animasjonar og batterisparefunksjonar.

📱 Remote — Mobilstyring

Styr skjermane dine frå telefonen.

Opne Remote

Gå til /remote.html på telefonen. Logg inn med same e-post og passord som CMS.

Skjermar-tab

Skjermar som køyrer same loop er gruppert saman med felles live-preview. Du ser kva som visast akkurat no.

Kvar skjerm har: Loop-dropdown (byte loop direkte), 🔄 (oppdater), ⏭ (neste slide), 📝 (send tekst).

Gruppe-knappar sender kommando til alle skjermar i gruppa samstundes.

Kommando-tab

Vel mål (alle eller enkelt skjerm), og send: Play, Pause, Neste, Førre, Oppdater, Omstart eller fritekst.

Tekst-kommandoen sender ein melding som visast direkte på skjermen.

⚽ Score — Live resultatoppdatering

Oppdater kampresultat og resultatlister direkte frå mobilen.

Slik fungerer det

Score-sida (/score.html) er ein mobilvenleg app for live-oppdatering av Score- og Resultatliste-widgets på aktive skjermar.

Kom i gang

Legg til ein Score-widget (⚽) eller Resultatliste-widget (🏆) på ein slide i Canvas.
Opne /score.html på mobilen og logg inn med 4-sifra PIN.
Vel skjerm frå dropdown — appen finn automatisk score/results-widgets.
Oppdater mål, scorerar og resultat → Lagre → skjermen oppdaterast.

Kamp-tab

Viser kampmodus med store mål-knappar (80×80px), lag-namn, stad, tid og hendingsnamn. Trykk + Mål for å leggje til raskt. Legg til scorerar med namn og minutt.

Resultatliste-tab

Viser ein tabell med plass, namn, klubb og tid. Legg til deltakarar med + Legg til og sorter etter plass.

PIN-login vert lagra — du treng berre logge inn éin gong per eining.

🧩 Widgets

Live-oppdaterande element som visast over slides.

Tilgjengelege widgets

🕐
Klokke
4 stilar: Digital, Klassisk analog, Minimal, Romersk. Valfri sekundviser og dato.
🌤
Vêr
Temperatur og ikon for vald by. 300×300 default for god lesbarheit.
📰
RSS
Nyhende frå RSS-feed. Visningsmodus: ticker, scroll-up, kort, headlines.
📻
Radio
Bakgrunnsmusikk frå radiostraumar (NRK, etc). Byte kjelde via dropdown.
🎙
Lydopptak
Ta opp lyd direkte (128kbps Opus) eller last opp mp3/wav. Spelar under slide-visning med fade-in.
📊
Ticker
Rullande tekst i botn/topp av skjermen.
🖼
Logo
Fast bilete/logo-overlay.
📡
Videostraum
HLS eller MP4 live-stream i ein widget. Muted som standard.
⚽
Score
Live kampresultat med lag, mål og scorerar. Oppdater frå mobil via score.html.
🏆
Resultatliste
Tabell med plass, namn, klubb og tid. Ideal for sportshendingar.

Audio-ducking

Når ein slide med lydopptak spelar, vert radio og bakgrunnsmusikk automatisk senka til 15% volum. Lyden fader inn over 0.5 sekund. Etter sliden er ferdig, fader radioen tilbake til 100%.

Klokkestilar

Klokke-widget har fire stilar du vel i eigenskapspanelet:

🔢
Digital
Stor digital tid i monospace-font. Valfritt :ss sekund og dato.
🕐
Klassisk
Sirkelring med tjukke strek-markørar. Timeviser 7px, minutt 4.5px. Tydeleg på TV.
◯
Minimal
Berre prikkar — store ved kvarter, små elles. Reint og elegant, ingen ring.
🏛
Romersk
Romerske tal (XII, I, II...) i serif-font med tynn ring.

Sekundviser — raud (1.5px). Slå på med "Sekund"-checkboxen. Oppdaterast kvart sekund.

Analoge klokker har tjukke visarar (7px/4.5px) designa for å synast godt på TV-skjermar på avstand.

Widget-storleik (defaults)

Nye widgets vert lagt til med gode standardstorleiker tilpassa 1920×1080:

Klokke — 280×280 px, kvadratisk (øvst høgre)

Vêr — 300×300 px, kvadratisk (øvst venstre)

Ticker — 1920×80 px, full breidd i botn med 32px skrift

Score-widget (⚽)

Viser kampresultat med lag, mål, tid og scorerar. Perfekt for sport-skjermar.

Legg til Score-widget i Canvas-editoren.
Fyll ut: Stad, Hendelse, Dato, Tid, Lag, Mål og Scorerar.
Oppdater live frå mobil via score.html (PIN-login med 4 siffer).

Resultatliste-widget (🏆)

Viser tabellresultat med plass, namn, klubb og tid. Ideell for løp, regattaer og konkurransar.

Mobil resultat-oppdatering (score.html)

Opne /score.html på telefonen for å oppdatere Score- og Resultatliste-widgets live:

Logg inn med 4-sifra PIN (eller e-post).
Vel skjerm frå dropdown — finn automatisk score/results-widgets.
Oppdater mål med store knappar og legg til scorerar.
Klikk Lagre → skjermen oppdaterer seg automatisk ved neste poll.
PIN-login er lagra i nettlesaren — du treng berre logge inn éin gong.

📡 Paringar (Superadmin)

Oversikt over alle skjermparingar på tvers av kundar.

Kva viser paringar-sida?

Paringar-sida er tilgjengeleg berre for superadmin og gir full oversikt over alle skjermar i systemet — uansett tenant.

📊
Statistikk
Totalt skjermar, online no, ventande paringar, og fastlåste (eldre enn 24t).
📋
Fordeling
Per status (online/pairing/offline), per einingstype (web/appletv/android), per kunde.
🕐
Siste 7 dagar
Tabell med alle paringar siste veka — namn, type, kode, status, dato.

Rydde opp ventande paringar

Klikk 🧹 Rydd opp ventande for å slette paringar som har stått i «pairing»-status i meir enn 24 timar. Dette ryddar opp skjermar som aldri vart fullført-para.

Vis alle skjermar

Klikk 📋 Vis alle skjermar for å sjå den fullstendige lista med ID, namn, type, kode, kunde, status og siste ping. Inaktive skjermar er dimma.

Korleis paring fungerer

Klient (player/app) sender request_code → får ein 6-sifra kode.
Koden visast på skjermen. Admin skriv koden i CMS under Skjermar → Par ny skjerm.
CMS bekreftar paring → skjermen får API-nøkkel og startar avspeling.
Paringar-sida viser alle forsøk — også dei som aldri vart fullført. Bruk «Rydd opp» for å fjerne gamle.

⌨️ Snarvegar

Tastatursnarvegar for raskare arbeid.

Player

K Vis/skjul developer-panel
F Fullskjerm av/på
Esc Avslutt fullskjerm

Canvas

Ctrl+Z Angre
Ctrl+Y Gjenta
Del Slett valt element

Touch (iPad/mobil)

Triple-tap Vis developer-panel (Player)

❓ Ofte stilte spørsmål

Skjermen oppdaterer seg ikkje?

Player pollar kvart 60. sekund. Send 🔄 Oppdater frå Remote eller Skjermar-sida for å tvinge refresh.

Video spelar ikkje?

Nettlesarar krev at video startar muted for autoplay. YouTube/Vimeo vert starta med lyd av. Om videoen feiler (fjerna, privat), hoppar player til neste slide etter 15 sekund.

Korleis byte radiokanal?

I Stage, under Overlays-lista, har radio-widgeten ein dropdown der du vel mellom alle tilgjengelege radiokjelder.

Kan eg bruke malar frå andre kundar?

Ja — malar merka 🌍 Felles er tilgjengelege for alle. Du kan dele dine eigne malar med alle via «🤝 Del»-knappen i Bibliotek.

Kva skjer om eg slettar eit bilete som er brukt i ein slide?

Du får ein åtvaring som fortel kor mange slides som brukar biletet. Du kan framleis slette, men slidane vil miste biletet.

Korleis fungerer radio ducking?

Når ein video-slide startar, vert radio automatisk dempa til 25% volume over ~750ms. Når videoen er ferdig, fader lyden opp att til 100%.